Exit er det sekstande albumet og 11. studioalbumet av det tyske electronicabandet Tangerine Dream.
Exit nådde 43. plassen på albumlista i Storbritannia og låg inne på lista i fem veker.
Musikk Exit inneheld seks spor som vart skapt med det som då var det nyaste utstyret, inkludert Fairlight Computer Instrument. I følgje Edgar Froese bygde bandet alt kring eit MCI-miksebord, fordi dei måtte ha alle instrumenta i nærleiken. Dei brukte ikkje så mange akustiske instrument, og dei trengde ikkje ein lydteknikar. Dei tre musikarane hadde berre alt kring seg, slik dei hadde på scenen.
På det første sporet kan ein høyre ei skodespelarinne frå Berlin som snakkar på russisk og nemner kontinenta på jorda og ber om å slutte trugselen om «avgrensa» atomkrig, som var ein potensiell fare på denne tida under den kalde krigen då albumet kom ut. Froese var veldig mot kjernevåpen og fekk organisert utsendinga av fleire tusen eksemplar av Exit til forskjellige maktpersonar, kunstnarar og vanlege folk i Russland. Kort tid før Exit kom ut hadde Tangerine Dream spelt ein spesialkonsert for nedrusting utafor Riksdagen i Vest-Berlin føre eit publikum på kring 100 000 personar.
Sporet «Choronzon» var nytta som kjenningsmelodi for det ungarske, politiske TV-showet Panoráma. «Remote Viewing» er med i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008 på radiostasjonen The Journey. Tittelsporet er nytta i sjette episoden av første sesongen av Netflix-serien Stranger Things, og eit remiksa utdrag, kalla «No Future (Get Off the Babysitter)», vart nytta i filmen Risky Business frå 1984.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – komponist, musikar, produsent Christopher Franke – komponist, musikar, produsent Johannes Schmoelling – komponist, musikar Monica Froese – plateomslag
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Tangerine Dream-album Kategori:Virgin Records-album