Hays Mountains er ei stor fjellgruppe og utgjer fleire fjelltoppar i Dronning Maudfjella i Antarktis, som ragar over skiljet mellom dei lågare delane av Amundsenbreen og Scottbreen og som strekkjer seg frå området nær Mount Thorne i nordvest til Mount Dietz i søraust. Dei vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på flyturen hans til Sørpolen den 28. og 29. november 1929, og kartlagde av geolog-grupper under Byrd-ekspedisjonen i 1929 og 1934. Dei vart namngjevne av Byrd etter Will H. Hays, tidlegare direktør i Motion Picture Producers and Distributors of America.

Mount Astor, eit kjent fjell i gruppa, vart namngjeve av Byrd etter Vincent Astor, frå Astor-familien, for dei filantropiske bidraga hans til ekspedisjonen i 1929.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dronning Maudfjella Kategori:Fjell i Ross Dependency Kategori:Amundsen Coast