Meråkerbanen er jernbanestrekninga mellom Hell stasjon på Nordlandsbanen og riksgrensa ved Storlien i Sverige der den knytter seg til Mittbanan.https://www.jernbanedirektoratet.no/no/jernbanesektoren/jernbanenettet-i-norge/banestrekningene/merakerbanen/ Opphavleg var Meråkerbanen strekninga frå Trondheim til riksgrensa, men i 2008 vart strekninga Trondheim-Hell ein del av Nordlandsbanen. Banen vart opna i 1881 og var frå starten normalspor. Banen går gjennom bygda Meråker i Trøndelag, derav namnet. Strekninga inngår i det som blir kalla Trønderbanen. Banen vart elektrifisert i 2025. I samband med at Sverige vart medlem av NATO, vil det bli ei ekstra satsing på Merakerbanen med tanke på frakt av militært materiell.

Meråkerbanen er ei av dei fire norske jernbanestrekningane som er fastlagt av UNECE som internasjonal hovudtransportstrekning.

Historie Etableringa av Meråkerbanen hadde samanheng med eit svensk ønske om ei samanhengande transportåre tvers over den skandinaviske halvøya frå Sundsvall til Verdal, med rutebåtar på Storsjön frå 1840.Tormod Røe: «Jernbanen til Sverige». I: Årbok for Nord-Trøndelag 2016, side 75-92Tormod Røe: «Meråkerbanen Trondheim-Storlien» I: Historisk årbok 2015, utgitt av historielagene i Stjørdalsbygdene Trondheim vart med i planene i 1869. I 1871 vart det invitert til aksjeteikning i prosjektet, og saka vart for første gong lagt fram for Stortinget.

Trafikk Banen er i dag trafikkert av Mittnabotåget som går mellom Trondheim og Östersund. Fram til 2005 hadde banen stor godstrafikk knytta til transport frå Meraker smelteverk på Kopperå. I dag er godstrafikken tømmertransport til Norske Skog på Skogn.

Frå november 2013 til mars 2015 var banen stengt mellom Kopperå og Storlien på grunn av risikoen for jordskred ved fyllinga Stora Helvetet på den svenska sida av grensa.

Modernisering I 2006 vart Meråkerbanen rusta opp for 26,5 millionar kroner og i 2007 for 30 millionar kroner for å ta over mykje av godstrafikken på veg mellom Trøndelag og Jämtland. Aksellast vart auka frå 20,5 tonn til 22,5 tonn, som er norsk standard. Samtundes auka farten på godstoga frå 50 til 80 km/t. Det meste av godstrafikken er tømmertransport, først og fremst til Norske Skog på Skogn. Den 4,4 km lange Gevingåsen tunnel på den opphavlege Meråkerbanen opna opna i august 2011, og banestrekninga mellom Trondheim og Hell vart med det 1 627 meter kortare.

100 meter over grensa på svensk side vart fyllinga Stora helvetet erstatta med ei ny bru i oktober 2018. Strekninga mellom Storlien og riksgrensa vart elektrifisert i 2019.

Det er vedtatt å elektrifisere banen som ein del av Nasjonal transportplan 2018-2029. Elektrifiseringa starta i 2021 og vil vere ferdig i 2024. I 2021 vart det gjennomført sporbytte på 25 km for å fjerne strekningar med saktekjøring og for å heve aksellast på heile strekninga for godstog til 22,5 tonn og for persontog til 20,5 tonn. Banen er planlagt utbygd med det europeiske signalsystemet ERTMS i 2027.

Linjekart

Referansar

Bakgrunnsstoff Bane Nor si stasjonsliste Mittnabotågets webside

Kategori:Jarnbanestrekningar i Noreg med persontrafikk Kategori:Jarnbanestrekningar i Trøndelag Kategori:Jarnbanestrekningar opna i 1881 Kategori:1881 i Noreg