Vishniac Peak er eit fjell (2280 moh) som ligg like nord for toppen av Webb-breen og 3 nautiske mil (6 km) sørvest for Skew Peak sør i Victoria Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1947-62. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Wolf V. Vishniac (1922–73), ein biologiprofessor ved University of Rochester i New York, som studerte vassabsorpsjon av jordpartiklar og kva dette hadde å seie for mikrobiologien i Antarktis 1971–72 og 1973. Dr. Vishniac omkom i Asgard Range, i øvre Wright Valley, 20 nautiske mil (37 km) sør for dette fjellet, den 11. desember 1973.

Kjelder

Kategori:Fjell i Victoria Land Kategori:McMurdo Dry Valleys