Lars Sponheim () er ein tidlegare norsk politikar og tidlegare leiar av partiet Venstre. Frå 2019 er han fylkesmann i Vestland. Han er òg gardbrukar i Ulvik i Hardanger i Hordaland fylke. Sponheim er gift og har tre ungar.
Lars Sponheim vart vald inn på Stortinget i 1993, etter å ha lovt i valkampen å gå frå Ulvik til Stortinget om han kom inn, noko han gjennomførte. Då hadde Venstre vore utan representasjon i åtte år. Tre år seinare, i 1996 stilte han, som einaste stortingsrepresentant frå partiet, sitt eige kandidatur til leiarvervet på årsmøtet i Venstre. Motkandidaten, den sitjande leiaren Odd Einar Dørum trekte sitt kandidatur, og Sponheim vart vald til leiar i Venstre.
Sponheim var til tider ein omstridd leiar i eige parti, og det vart stilt motkandidatar mot han fleire gonger (mellom andre nestleiarane Trine Skei Grande og Olaf Thommessen, som ikkje ønskte å stille). Men etter det gode valresultatet til Venstre i 2005 var Sponheim sin posisjon i partiet sterkare enn nokonsinne. Etter det dårlege resultatet i valet 2009 bestemte Sponheim seg for å gå av som partileiar. Seinare same år vart han styreleiar i Norsk Tipping.
I 2010 vart Sponheim utnemnd som fylkesmann i Hordaland. I 2019 vart fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slått samna, og Sponheim vart fylkesmann i Vestland.
I 2004 opna Slottet for at statsrådar kan bli tildelt St. Olavs Orden etter 4 års tenestetid. Lars Sponheim vart då utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Utdanning 1976: Uteksaminert frå vidaregåande skule 1977: Kalnes jordbruksskule 1981: Cand.agric. (agronom) på Norges Landbrukshøgskole (NHL) 1985: Pedagogisk seminar
Yrkeskarriere 1981–84: Konsulent i A/S Consults i Ulvik 1984–88: Lektor på Statens gartnerskule i Hjeltnes 1992: Rektor på Statens gartnarskule i Hjeltnes 1993: Jordbrukssjef for Ulvik og Granvin herad 2009– : Styreleiar i Norsk Tipping
Tillitsverv 1990–92: Medlem i sentralstyret i Venstres 1996–2010 : Partileiar i Venstre
Politiske verv 1983–87: Medlem i Ulvik formannskap 1987–91: Ordførar i Ulvik herad 1991–93: Medlem i Hordaland fylkesting 1993–01: Fast stortingsrepresentant for Hordaland fylke 1997–00: Nærings- og handelsminister, Regjeringa Bondevik I 2001–05: Gjenvald til Stortinget for Hordaland 2001–05: Landbruksminister, Regjeringa Bondevik II 2005–09: Fast stortingsrepresentant for Hordaland fylke
Bakgrunnsstoff Biografi på Stortinget si heimeside Artiklar om leiarstriden Ydmykelsen ligger nær Bergens Tidende 13. januar 2004 –Sponheim-ja kan bety trøbbel TV2 Nettavisen 14. januar 2004 Vraker Sponheim VG 13. januar 2004 Thommessen og Sponheim enige om lederløsning Aftenposten 16. januar 2004 Refser Sponheims støttespillere Aftenposten 16. januar 2004
Kategori:Norske nærings- og handelsministrar Kategori:Norske landbruksministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik II Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Ordførarar i Ulvik Kategori:Venstreordførarar i Hordaland Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Den islandske falkeordenen Kategori:Fylkesmenn i Hordaland Kategori:Folk frå Halden Kategori:Folk frå Ulvik Kategori:Statsforvaltarar