Muskovitt, kaliglimmer eller lys glimmer KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2, òg kalla kaliglimmer, er ein lys glimmer i glimmergruppa. Muskovitt blir òg kalla kråkesølv, fordi den er eit glinsande, halvvegs gjennomskineleg mineral som dannar blada, tette aggregat. Det er eit mykje utbreidd mineral, og blir utvunne frå pegmatittgangar, tidlegare òg i Noreg. Det blir òg framstilt kunstig. Det blir nytta som elektrisk isolasjonsmateriale.
På Mohs hardheitskala er muskovitt 2–2,25 parallelt med -planet, 4 perpendikulært på -planet og ein spesifikk gravitet på 2,76–3. Det kan vere fargelaust eller ha eit skin av grått, brunt, grønt, gult, eller meir sjeldsynt fiolett eller raudt, og kan vere transparent eller translusent. Det er anisotropisk og har ei høg dobbeltbryting. Krystallsystemet er monoklinisk. Den grøne, krom-rike varianten går under namnet fuchsitt; maripositt er òg ein krom-riik type av muskovitt.
mini|venstre|Muskovitt med beryl (var. morganitt) frå Paprok i Afghanistan (dimensjonar: 5,9×4,8×3,4 cm) mini|Muskovitt frå ein utvekst på ein pegmatitt, Patapsco River i Baltimore County i Maryland
Muskovitt er det mest vanlege glimmeret. Ein finn det i granitt, pegmatitt, gneis og glimmerskifer, og som kontakt i metamorfiske bergartar eller som eit sekundærmineral som resultat av endring av topas, feltspat, kyanitt, osv. I pegmatitt opptrer det ofte som svære flak som har kommersiell verdi. Muskovitt er etterspurd som brannhemmande materiale og isolasjonsmateriale og i noko grad som smørjemiddel.
Etymologi Namnet «muskovitt» kjem av engelsk og det latinske ordet Muskovia, som er eit eldre namn på storfyrstedømmet Moskva, der mineralet skal ha blitt nytta som vindaugsglas.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Muscovite» frå , den 5. mai 2013.
Sjå òg Glimmer
Bakgrunnsstoff
kategori:Kaliummineral kategori:Aluminiummineral kategori:Glimmergruppa kategori:Monokline mineral