mini|Borduntone spelt på ein didgeribone. Bordun eller borduntone er ein tone som ikkje endrar seg, som kling med i – og understøtter – forløpet til ein melodi.

Verknaden oppnår ein til dømes med ein resonansstreng (på strykeinstrument) eller ei basspipe på ei skotsk sekkepipe. I strupesong skaper songaren ein djup bordun med overtonar ved å endra munnhola.

mini|Notar til opninga av Rhingullet. Eit kjent døme på bordun i klassisk musikkhistorie er Wagner sin bruk av borduntone i innleiinga til Rhingullet.

Bordun vert òg nytta om ei djup orgelstemme, eit gedacktregister.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bordun» frå , den 24. mars 2013.

Kategori:Akkompagnement Kategori:Musikalske teknikkar Kategori:Bass