Knut Storberget () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han har vore justisminister i Regjeringa Stoltenberg II sidan 2005. Storberget har vore innvald på Stortinget frå Hedmark sidan 2001, etter å ha vore vararepresentant sidan 1993. Storberget har bakgrunn som strafferettsadvokat. Han er gift og har tre born.
Storberget tok grunnfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1984 til 1985, og studerte rettsvitenskap på same stad i åra 1985–1990. Han praktiserte som strafferettsadvokat med eige firma frå 1992 til 2002, og Storberget har som advokat hatt møterett for Høgsterett frå 2002.
Storberget var styremedlem i Hedmark Arbeiderparti i 1997–2001, og kommunestyremedlem i Elverum i åra 1991–1999. Han var også styreleiar i Hedmark teater frå 1998 til 2001. I tillegg har han vore styremedlem i Avholdsfolkets landsråd, UNICEF Noreg, FORUT, Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner og i eigarselskapet til Hamar Arbeiderblad. Han er totalavhaldsmann, og er også motstandar av ei liberalisering av narkotikalovgjevinga.«Fra hasjisj til heroin » hjå NORMAL (2007). Han var leiar i NGU, forløparen til Juvente, frå 1989 til 1991.
Han vart vald inn på Stortinget frå Hedmark i 2001, og tok plass i Stortingets justiskomité og Stortingets valkomité. Han markerte seg tidleg som justispolitisk talsmann i Arbeidarpartiet. Ved stortingsvalet 2005 vart Storberget gjenvald, men vart like etter utpeikt til statsråd i Justis- og politidepartementet (justisminister) i regjeringa Stoltenberg II. Thomas Breen møtte for Storberget på Stortinget. Han var sjukmeld frå 25. februar til 30. mars 2009, grunna striden rundt bruk av hijab i det norske politiet.«Justisministeren sykemeldt» hjå Justis- og politidepartementet (26.02.2009). Ved stortingsvalet 2009 vart Storberget gjenvald til Stortinget, og Thor Lillehovde møter som representant i denne perioden.
Storberget har vorte drapstruga av både Erik Gjems-Onstad og Øyvind Heian.«Vil gi arv til Benjamins drapsmann», NTB hjå ABC Nyheter (09.06.2008).«Fra Vigrid til Tinget?» av Lene Granli hjå NRK Østafjells (17.07.2007).
Den 11. november 2011 gjekk Storberget av som justisminister. Tidlegare forsvarsminister Grete Faremo tok over stillinga hans, og Espen Barth Eide tok over som ny forsvarsminister.Aftenposten.no, 11.11.11: Knut Storberget går av
Bibliografi Juridisk kontroll med alkoholpolitiske beslutninger (1993) Jus og alkoholpolitikk (1995) Bjørnen sover, om vold i familien (2007, medredaktør)
Kjelder Biografi hjå Regjeringa. Biografi på Stortinget.no. «Knut Storberget» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 1. januar 2010.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske justisministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Lokalpolitikarar i Elverum Kategori:Ap-politikarar i Hedmark Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Elverum Kategori:Statsforvaltarar