Michael Rother () er ein tysk eksperimentell krautrock-musikar og komponist.

Tidleg liv Rother vart fødd i 1950 og gjekk på skule i München, Wilmslow (England), Karachi og Düsseldorf. Han budde òg i Pakistan tidleg i 1960-åra, der han vart eksponert for pakistansk musikk som skulle kome til å påverka hans eigen musikk seint i 1960- og tidleg i 19970-åra.Frå eit intervju med Michael Rother på Sound Opinions, 4. oktober 2010. Frå 1965 spelte Rother i bandet Spirits of Sound og frå dette bandet skulle andre medlemmar seinare starte Kraftwerk og Wunderbar.

Musikkarriere mini|Michael Rother på scenen i 2007 mini|Michael Rother (venstre) & Dieter Moebius (høgre) på scenen i 2007 Rother spelar mange instruement (hovudsakleg gitar og klaverinstrument) og i tillegg til mange soloalbum frå 1977 og frametter, er han mest kjend for å ha starta den tyske gruppa Neu! med trommeslagar Klaus Dinger (fem album mellom 1971 og 1996), og for samarbeidet sitt med Hans-Joachim Roedelius og Dieter Moebius (kalla Cluster) under namnet Harmonia (to album, 1974 og 1975, og seinare studioinnspelingar i 1976 med Brian Eno).Bluefat Issue 6, 2010 Rother og Dinger spelte begge i ein kortvarig versjona av Kraftwerk i 1971, med Florian Schneider, ein periode då bandmedlemmet Ralf Hütter hadde slutta i bandet for ei stund. Denne varianten av bandet spelte på det tyske TV-showet Beat Club.

Frå seint i 1970-åra byrja Rother å gje ut plater under sitt eige namn: Flammende Herzen (1977), Sterntaler (1978) og Katzenmusik (1979), alle med trommer av Can-trommeslagaren Jaki Liebezeit. Seinare album var Fernwärme (1982), Lust (1983), Süssherz und Tiefenschärfe (1985) og Traumreisen (1987). Rother fekk rettane til dsse utgjevingane seint i 1990-åra og gav dei alle ut på CD, alle med bonusspor. I 1996 gav han ut Esperanza og det nyaste albumet hans er Remember (The Great Adventure) som kom i 2004.

1. juli 2007 vart Michael Rother med Red Hot Chili Peppers for ein live jam mot slutten av konserten deira i Hamburg. I lag spelte dei nesten i 25 minuttar føre 35 000 menneske. I november 2007 turnerte han med Dieter Moebius (eit anna medlem av Harmonia) som Rother & Moebius. 27. november 2007 vart Harmonia samla for ein konsert i Berlin, der dei spelte i lag på scenen for første gong sidan 1976.

I 2010 spelte Rother fem konsertar i Europa med Sonic Youth-trommeslagar Steve Shelley og Tall Firs-gitarist Aaron Mullan (som spelte bass i trioen). Denne gruppa, kalla Hallogallo, spelte musikken til Neu! for første gongen på mange år.

Diskografi Studioalbum År Detaljar 1977 Flammende Herzen Selskap: Sky Records 1978 Sterntaler Selskap: Sky Records 1979 Katzenmusik Selskap: Sky Records 1982 Fernwärme Selskap: Polydor Records 1983 Lust Selskap: Polydor Records 1985 Süssherz & Tiefenschärfe Selskap: Polydor Records 1987 Traumreisen Selskap: Polydor Records 1996 Esperanza Selskap: Random Records 2004 Remember (The Great Adventure) Selskap: Random Records, WEA, Gang Go Music

Samlealbum År Detaljar 1993 Radio - Singles, 1977–1993 Selskap: Random Records 1998 Chronicles I Selskap: Purple Pyramid

med Neu! År Detaljar 1972 Neu! Selskap: Brain Records 1973 Neu! 2 Selskap: Brain Records 1975 Neu! '75 Selskap: Brain Records 1995 Neu! 4 Selskap: Captain Trip Records 1996 Neu! '72 Live in Dusseldorf Selskap: Captain Trip Records 2010 Neu! '86 Selskap: Grönland Records

med Harmonia År Detaljar 1974 Musik von Harmonia Selskap: Brain Records 1975 Deluxe Selskap: Brain Records 1997 Tracks & Traces (Harmonia '76/Harmonia & Eno '76) Selskap: Rykodisc 2007 Live 1974 Selskap: Grönland Records 2010 Tracks and Traces Remixed (Harmonia & Eno '76) Selskap: Grönland Records

med Hallogallo 2010 «Blinkgürtel» (desember 2010, Vampire Blues)

Kjelder ATP: Michael Rother

Bakgrunnsstoff Offisell nettstad "Michael Rother Comes to Hoboken" Paris Review Daily essay, August 2010

Kategori:Tyske klaverspelarar Kategori:Folk frå Hamburg Kategori:Kraftwerk-medlemmar