Björn Kircheisen () er ein tysk kombinertløpar frå bygda Erlabrunn i delstaten Sachsen. Han var vunne fire individuelle VM-medaljar, to i sølv og to i bronse, samt åtte sølvmedaljar og ein bronsemedalje i ulike olympiadar og verdsmeisterskap i tida 2002-13. Kircheisen har vunne 20 renn i verdscupen i kombinert, og har to gongar vorte nummer tre, 2003 og 2006, i kampen om FIS sin kombinertpokal (verdscupen i kombinert).
Aktiv Kircheisen debuterte i verdscupen i finske Kuopio i slutten av november 2001. Her vart han nummer to bakom landsmannen Ronny Ackermann. Han deltok i vinterleikane i Salt Lake City og vart individuelt nummer fem i normaløvinga. I lagtevlinga tok han den fyrste av i alt hittil (pr 2013) åtte sølvmedaljar. Dagane 6.-8. desember 2002 vann Kircheisen rubbel og bit i tre strake tevlingar i Trondheim, hans tre fyrste sigrar i verdscupen.
Under ski-VM 2005 i Oberstdorf vann Kircheisen den fyrste individuelle medaljen i eit stort meisterskap. Fem mann var då med i sluttkampen om VM-gullet, Kircheisen hamna på sølvplassen, 1,4 sekund bakom verdsmeisteren Ronny Ackermann. Også i lagtevlinga fekk Kircheisen sølv.
Kircheisen vann nye individuelle VM-medaljar både i 2007 (bronse), 2009 (sølv) og 2013 (bronse). I den sistnemnde meisterskapstevlinga var han ein av fire løparar som kjempa om VM-tittelen, men vart spurtslått av verdsmeister Jason Lamy-Chappuis med tre tidels sekund og austerrikaren Mario Stecher med ein tidels sekund.
Individuelle medaljar og besteplasseringar i meisterskap OL 2002: Nr 5 i normaløvinga, nr 9 i sprint-tevlinga VM 2003: Nr 7 i normaløvinga VM 2005: Sølvmedalje i normaløvinga, nr 4 i sprint-tevling OL 2006: Nr 7 i begge øvingane VM 2007: Bronse i sprint-tevlinga, nr 7 i normaløvinga VM 2009: Sølvmedalje i normalbakke/10km OL 2010: Nr 20 i storbakke/10km VM 2013: Bronsemedalje i normalbakke/10km
Medaljar i internasjonale meisterskap for lag OL 2002: Sølvmedalje i lagtevlinga VM 2003: Sølvmedalje i lagtevlinga VM 2005: Sølvmedalje i lagtevlinga OL 2006: Sølvmedalje i lagtevlinga VM 2007; Sølvmedalje i lagtevlinga VM 2009; Sølvmedalje i lagtevlinga OL 2010: Bronsemedalje i lagtevlinga VM 2011; Sølvmedalje i begge lagtevlingane
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2009 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017