mini|Eric Frenzel (2022) Eric Frenzel () er ein tysk kombinertløpar frå Annaberg-Buchholz i Sachsen. Han vart verdsmeister i kombinert både i 2011 (N+10) og i 2013 (S+10). Under vinter-OL 2014 i Sotsji vann han OL-gull i N+10-tvelinga. Frenzel har også vunne ein individuell bronsemedalje, samt tre sølvmedaljar og to bronsemedaljar i ulike lagtevlingar i dei internasjonale meisterskapane i tida 2009-13. I 2013 vann han verdscupen i kombinert og sikra seg dermed FIS-pokalen i idrettsgreina.
Aktiv Frenzel vart juniorverdsmeister i kombinert-sprint i 2007. Same sesongen deltok han også i verdsmeisterskapen på ski i Sapporo, men utan å gjere seg gjeldande. I januar 2008 lukkast han å vinne eit verdscuprenn i Klingenthal, og hevda seg elles godt i fleire tevlingar, slik at han kom på sjuandeplass i kampen om FIS-pokalen i kombinert. Han deltok i alle de fire kombinert-øvingane under ski-VM 2009 i Liberec. Her fekk han seg ein sølvmedalje med Tyskland sitt firemannslag i lagtevlinga og vart som best nummer åtte i dei individuelle renna.
I 2010-sesongen etablerte Frenzel seg i verdstoppen i kombinert. Han vann eit verdscuprenn i Seefeld i slutten av januar månad, og han fekk med seg ein bronsemedalje frå lagtevlinga under vinter-OL i Vancouver, individuelt vart han som best nummer ti i olympiaden. Både i 2010-sesongen og 2011-sesongen hamna han på fjerdeplass i verdscupen i kombinert. Frenzel lukkast overmåte godt under VM på ski 2011, då han tok medalje i alle dei fire øvingane som vart avvikla. Individuelt vann han ein gullmedalje då det var hoppa i normalbakken, og ein bronsemedalje då det vart hoppa i storbakken, i begge tevlingane gjekk deltakarane 10 km. Under meisterskapen vart det også arrangert to lagtevlingar, der Tyskland og Frenzel måtte nøye seg med sølvmedaljar, slått av Austerrike i begge tevlingane.
Frenzel var verdas beste kombinertløpar i 2013-sesongen, og vann FIS-pokalen ganske klart. I januar månad vann han fire strake sigrar i verdscupen, og plussa på med to nye sigrar i mars. Mellomtida nytta Frenzel til å verte verdsmeister under ski-VM 2013 i Val di Fiemme, i tevlinga der det vart hoppa i storbakken. Etter å ha sett bakkerekord med 138,5 meter i hoppdelen av øvinga, gjennomførte han langrennet i einsam majestet. I den nye øvinga med veksel-stafett sikra Frenzel seg ein bronsemedalje, saman med Tino Edelmann.
Verdscupsigrar Nr.DatoStadLand 1. 20. januar 2008 Klingenthal 2. 30. januar 2010 Seefeld 3. 4. desember 2011 Lillehammer 4. 19. januar 2013 Seefeld in Tirol 5 20. januar 2013 Seefeld in Tirol 6. 26. januar 2013 Klingenthal 7. 27. januar 2013 Klingenthal 8. 8. mars 2013 Lahti 9. 15. mars 2013 Oslo
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eric Frenzel» frå , den 22. mars 2013.
(Kombinert) (Skihopping)
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tyske kombinertløparar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2014 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2018 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2018 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015