Frank Debenham () var ein australsk geolog og geograf.
Han vart utdanna ved University of Sydney, der han studerte geologi under Edgeworth David. Han var éin av tre geologar som deltok på Terra Nova-ekspedisjonen (1910–1913) under leiing av Robert F. Scott. Frå januar til mars 1911 utforska han saman med Thomas Griffith Taylor, Charles Wright og Edgar Evans dei vestlege fjella i Victoria Land. Han kunne ikkje dalta på den lagnadstunge sørpolferda, då han hadde skadd kneet under fotballsparking på snøen. For innsatsen sin i Antarktis vart han tildelt den britiske Polarmedaljen Under første verdskrigen deltok han i infanteriet. Han tente i Frankrike og Thessaloniki, og vart alvorleg skadd i 1916. I 1919 vart han tildelt Ordar of the British Empire.
Han var ubetalt direktør ved Scott Polar Research Institute, som han var med å stifte, frå 1920 til 1946. Frå 1931 var han professor i geografi ved University of Cambridge. Han var visepresident i Royal Geographical Society frå 1951 til 1953 og mottok selskapet sitt Victoria Medal i 1948.Biografi Australian Dictionary of Biography
Debenham skreiv mange bøker om geografi. Memoarane hans frå Antarktis, The Quiet Land – The Diaries of Frank Debenham, vart publisert i 1992.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Frank Debenham» frå , den 20. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Australske geografar Kategori:Engelske geografar Kategori:Australske professorar Kategori:Folk frå New South Wales Kategori:Order of the British Empire Kategori:Australske oppdagarar Kategori:Britiske antarktisfararar Kategori:Polar Medal Kategori:Australske antarktisfararar