Istind er eit delvis isdekt fjell 1,5 km sør for Tindeklypa, på austsida av Ahlmannryggen i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–39). Det vart kartlagt av norske kartografar frå flyfoto av Maudheimekspedisjonen (1949–1952), leia av John Schjelderup Giæver og frå flyfoto av den norske ekspedisjonen (1958–59) og namngjeve av dei.

Det vart gjort eit forsøk på å klatre opp dette imponerande fjellet av Duncan Cromarty og Karel Koster i november 1999, men dei mislukkast. Begge klatrarane vart medlemmar av SANAE 38 som overvintra i området.

Kjelder

Kategori:Fjell i Dronning Maud Land Kategori:Kronprinsesse Märtha Kyst