Schirmacher Massif er eit øyliknande fjellmassiv aust i Palmer Land. Fjellet er omgjeve av isstraumane til Rankin- og Clinebreen, 3 nautiske mil (6 km) vest for Rowley Massif. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) i 1974. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Eberhard G. Schirmacher, ein topografisk ingeniør og leiaren for den topografiske gruppa frå USGS på to ekspedisjonar til Lassiter Coast, 1969–70 og 1970-71. Han var leiaren for gruppa frå USGS til Pine Island Bay, 1974-75.

Kjelder

Kategori:Fjell i Palmer Land