Stortingsvalet 1961 var eit stortingsval i Noreg som vart halde den 11. september 1961. Arbeidarpartiet fekk nær halvdelen av alle røystene, men mista det reine fleirtalet dei hadde hatt på Stortinget sidan andre verdskrigen. Det nye partiet på Stortinget, Sosialistisk Folkeparti (SF), fekk ein viktig vippeposisjon. Einar Gerhardsen si tredje regjering heldt fram. Regjeringa måtte gå av i august 1963 på grunn av Kings Bay-saka. SF røysta saman med dei borgarlege partia for eit mistillitsframlegg mot regjeringa. John Lyng danna ei regjering som sat berre kort tid.
Resultat PartiDel av røystene (%)Endring i høve til 1957MandatEndring i høve til 1957Arbeidarpartiet 46,8-1,674-4Høgre 19,3+2,4290Senterpartiet 6,8-1,816+1Kristeleg Folkeparti 9,3-0,915+3Venstre7,2-2,414-1Sosialistisk Folkeparti 2,4+2,42+2Norges Kommunistiske Parti 2,9-0,40-1Borgarlege felleslister5,2+2,30¹0Frie Venstre-veljarar0,1+0,100Norsk Sosialdemokratisk Parti0,03-0,13 0 0Total10001500 ¹ Mandat frå borgarlege felleslister fordelt på einskilde parti.
Dei borgarlege felleslistene var: Senterpartiet og Venstre i Østfold, Oppland, Aust-Agder, Vest-Agder og Sør-Trøndelag Høgre og Kristeleg Folkeparti i Bergen
Statistisk Sentralbyrå lagar ein statistikk over valresultatet med felleslistene oppløyst på dei einskilde partia. Resultata for desse partia på landsbasis vert då:
Politisk parti Røyster i prosent Endring frå 1957 Høgre 20,0 +1,1 Kristeleg Folkeparti 9,6 -0,6 Senterpartiet 9,3 0 Venstre 8,9 -0,7
Kjelder Statistisk Sentralbyrå Stortingsforhandlinger 1961-62 (Oslo, 1962) Hvem Hva Hvor 1966 (Oslo, 1965)
1961 Kategori:Val i 1961 Kategori:Hendingar i 1961 Kategori:1961 i Noreg