Whitney Peak er eit kjenneleg fjell (3005 moh) som ligg 3 nautiske mil (6 km) nordvest for Mount Hampton, og mellom dei ligg eit særeige, isdekt skard. Fjellet ligg nord i Executive Committee Range i Marie Byrd Land. Det vart kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi i U.S. Navy, 1958-60. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein Herbert Whitney i U.S. Navy Reserve, som leia den mobile anleggsbataljonen til marinen som bygde stasjonar i Antarktis under Det internasjonale geofysiske året. Whitney overvintra ved Little America V i 1956.
Kjelder
Kategori:Fjell i Marie Byrd Land