Mount Sidley er den høgaste vulkanen i Antarktis, og høyrer til Volcanic Seven Summits med ei høgd på 4181-4285 moh. Han er ein massiv, hovudsakleg snødekt skjoldvulkan som er den høgaste av fem vulkanske fjell som utgjer Executive Committee Range i Marie Byrd Land. Fjellet har ein 5 km brei kaldera på sørsida av toppenKurt S. Panter, Philip R. Kyle and John L. Smellie (1997). Petrogenesis of a Phonolite-Trachyte Succession at Mount Sidley, Marie Byrd Land i Antarktis, Journal of Petrology 38(9), 1225-1253. og ligg nordaust for Mount Waesche i den sørlege delen av fjellkjeda.
Fjellet vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på ein flytur, 18. november 1934, og vart namngjeven av han etter Mabelle E. Sidley, dottera til William Horlick som støtta Byrd-ekspedisjonen 1933–35. Trass i at fjellet ligg høgt over havet er han lite kjend på grunn av den særs avsidesliggande plasseringa. Han er langt mindre kjend enn Mount Erebus, den nest høgaste vulkanen i Antarktis som ligg nær dei amerikanske og newzealandske basane på Ross Island. Den første registrerte klatringa av Mount Sidley vart gjort av newzealendaren Bill Atkinson den 11. januar 1990, då han arbeidde i ei forskargruppe i området.
Det vart nyleg klatra på nytt i januar 2011 av ein ekspedisjon organiser av ANI.
mini|venstre|250px|Topografisk kart av Mounts Sidley og Waesche (1:250 000 skala)
Sjå òg Vulkanar i Antarktis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mount Sidley» frå , den 12. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Sidley, Mount Sidley, Mount Sidley, Mount Sidley, Mount