mini|Luminol og hemoglobin, eit døme på kjemiluminescens. Luminescens er lysstråling som er skapt av andre prosessar enn varmestråling, men i staden ofte opptrer ved låge temperaturar. Døme er fluorescens, bioluminescens og fosforescens. Fenomenet kan mellom anna skje ved hjelp av kjemiske eller biokjemiske endringar, elektrisk energi, eller reaksjonar i krystallar.

Ved luminescens blir atoma eller molekyla i eit stoff ved einkvan ytre påverknad eksitert til særskilde energinivå, og sender så ut stråling i form av lys som svarar til overgangar frå desse nivåa. Den spektrale samansetnaden av slikt lys blir annleis enn av lyset som blir sendt ut ved varmestråling. Samansetnaden varierer òg frå stoff til stoff.

Typar luminescens Kjemiluminescens, som følgje av ein kjemisk reaksjon Bioluminescens, utstråling som følgje av ein biokjemisk reaksjon av ein levande organisme Elektrokjemiluminescens, som følgje av ein elektrokjemisk reaksjon Krystalloluminescens, produsert ved krystallisering Elektroluminescens, som følgje av ein elektrisk straum som går gjennom eit stoff Katodeluminescens, som følgje av at eit luminescent stoff vert treft av elektron Mekanoluminescens, som følgje av mekanisk prosess på eit fast stoff Triboluminescens, skapt når banda i eit stoff vert broten når stoffet vert skrapt, knust eller gnidd Fraktoluminescens, skapt når banda i somme krystallar brist Piezoluminescens, skapt når det vert utøvd trykk på somme stoffPiezoluminescens phenomenon N. A. Atari Physics Letters A Volume 90, Issues 1-2, 21 June 1982, Pages 93-96 Fotoluminescens, som følgje av absorpsjon av foton Fluorescens, fotoluminescens som følgje av ein enkel–enkel elektronisk relaksasjon (typisk levetid: nanosekund) Fosforescens, fotoluminescens som følgje av ein trippel–enkel elektronisk relaksasjon (typisk levetid: millisekund til timar) Radioluminescens, som følgje av bombardement av ionisert stråling Sonoluminescens, som følgje av imploderte bobler i ei væske når dei vert eksitert av lyd Termoluminescens, gjenutstråling av absorbert lys når eit stoff vert oppvarma

Bruksområde lysdiode (LED) sender ut lys ved hjelp av elektroluminescens Fosfor sender ut lys når det vert bestrålt av elektromagnetisk stråling eller partikkelstråling av høg energi. Fosfortermometri, måling av temperatur ved hjelp av fosforescens.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Luminescence» frå , den 21. april 2013. oppgav desse kjeldene: luminescens. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/luminescens

Kategori:lyskjelder