Toney Mountain er ein langstrekt snødekt skjoldvulkan, 60 km lang og med ei høgd opp mot 3595 moh. ved Richmond Peak, 56 km sørvest for Kohler Range i Marie Byrd Land. Ein 3 km brei kaldera ligg på toppen av vulkanen og vulkanen kan ha hatt utbrot i holocen.
Toney Mountain vart truleg av fjella som vart sett frå avstand av Byrd og andre på flyturar frå skipet «Bear» i februar 1940. Det vart kartlagt i desember 1957 av eit lag som reiste over snøen frå Byrd-stasjonen til Sentinel Range i 1957–58. C.R. Bentley leia dette laget og foreslo namnet; ei oppkalling etter George R. Toney, forskingssjef ved Byrd-stasjonen i 1957 som deltok på fleire ekspedisjonar til Antarktis.
mini|none|250px|Topografisk kart av Toney Mountain (1:250 000 skala).
Sjå òg Vulkanar i Antarktis
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Toney Mountain» frå , den 10. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff «Mount Toney i Antarktis» on Peakbagger
Kategori:Skjoldvulkanar Kategori:Kalderaer Kategori:Vulkanar i Marie Byrd Land