Kenji Ogiwara () er ein japansk, tidlegare kombinertløpar og seinare politikar frå Kusatsu. Han vart verdsmeister i nordisk kombinert både i 1993 og 1997, og tok ein bronsemedalje i kombinertsprinten i 1999. Perioden 1992-95 vann Japan, med Kenji Ogiwara på laget, fire strake gullmedaljar for lag i to olympiske meisterskap og to verdsmeisterskap. Han vann 17 verdscuprenn og fekk i tillegg tolv andreplassar og to tredjeplassar.
Kombinertløparen Tsugiharu Ogiwara var tvillingbror hans.
Aktiv Kenji Ogiwara debuterte i verdscupen i kombinert på tampen av 1991-sesongen, i sveitsiske St. Moritz vart han nummer ti. Han oppnådde ein fjerdeplass i eit verdscuprenn i Breitenwang i januar 1992, før han kom på sjuandeplass under vinterleikane i Albertville. Den 9. februar gjekk han Japan inn til OL-gull i lagtevlinga i kombinert, dei andre på laget var Reiichi Mikata og Takanori Kōno. Denne gullmedaljen var den fyrste av fire strake til Japan i lagtevlinga. I ski-VM 1993 i Falun paraderte Ogiwara i mål, over tre og eit halvt minutt føre sølvlaget frå Noreg. Både i 1993, under vinter-OL 1994 og i VM 1995 hadde Ogiwara med seg førnemnde Kono og Masashi Abe på laget. I 1995 var tevlinga utvida til å gjelde fire mann, Ogiwara sin tvillingbror Tsugiharu Ogiwara kompletterte då laget.
Kenji Ogiwara vart dobbelmeister i Falun i 1993, då han vann ein overlegen siger i den individuelle kombinertøvinga, han var i mål over halvtanna minutt før sølvmedaljøren Knut Tore Apeland frå Noreg. Han vart så nummer fire i kombinert i vinterleikane på Lillehammer i 1994, og nummer fem i verdsmeisterskapen på ski i Thunder Bay i 1995. Ogiwara vart så i 1997 verdsmeister individuelt for andre gong. Under vinter-OL på heimebane i Nagano i 1998 lukkast han ikkje heilt og måtte nøye seg med ein fjerdeplass individuelt. Heller ikkje i lagtevlinga i kombinert vart det japansk OL-medalje.
Frå 1999 var det to individuelle kombinertøvingar i dei store meisterskapa. Ogiwara vann bronsemedaljen i sprintøvinga under VM 1999 i Ramsau og vart nummer seks i normaløvinga. To år seinare vart han høvesvis nummer fem og sju i dei to øvingane under ski-VM 2001 i Lahti. I sin siste meisterskap, vinter-OL 2002 i Salt Lake City, vart han nummer elleve.
I 1995 vart Ogiwara tildelt Holmenkollmedaljen.
Verdscupsigrar Nr. Dato Stad Land1 5. desember 1992 Vuokatti 2 12. desember 1992 Courchevel 3 19. desember 1992 St. Moritz 4 23. januar 1993 Saalfelden 5 5. mars 1993 Lahti 6 20. mars 1993 Štrbské Pleso 7 4. desember 1993 Saalfelden 8 11. desember 1993 St. Moritz 9 15. desember 1993 St. Moritz 10 8. januar 1994 Schonach 11 22. januar 1994 Trondheim 12 10. januar 1995 Val di Fiemme 13 14. januar 1995 Liberec 14 3. februar 1995 Falun 15 9. februar 1995 Oslo 16 18. februar 1995 Bad Goisern 17 23. mars 1995 Sapporo 18 13. januar 1996 Štrbské Pleso 19 10. februar 1996 Chaux-Neuve Kjelder
Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Japanske kombinertløparar Kategori:Japanske politikarar Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Olympiske meistrar for Japan Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Japanske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Tvillingar