Peter Prevc () er ein slovensk skihoppar som representerer SK Triglav Kranj. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme tok Prevc sølvmedaljen storbakkenResultater hopp, stor bakke, menn, Dagbladet, 28. februar 2013 og bronsemedaljen normalbakken.

Aktiv mini|venstre|Peter Prevc i 2014 Prevc debuterte i desember 2009 i verdscupen med ein 22. plass på Lillehammer. Han var med i Slovenias tropp til vinter-OL i Vancouver, der han vart nummer sju i normalbakken. I VM på ski i Oslo i 2011 vart han som best nummer 17 i normalbakken, før han så var med å hoppe Slovenia til ein bronsemedalje i lagtevlinga i storbakken.

Prevc fekk sitt gjennombrot i januar 2012, då han vart nummer fire og seks i dei to verdscuprenna i Zakopane. Seinare i sesongen fekk han ein fjerdeplass i Willingen.

I 2013-sesongen var han med på Slovenias lag som tok to sigrar i verdscupen for lag. Før verdsmeisterskapen på ski hadde han enno ikkje nådd ei individuell pallplassering i verdscupen. Under ski-VM 2013 i Val di Fiemme imponerte Prevc stort med ein tredjeplass i normalbakken, og deretter med å ta sølvmedaljen i storbakken.

Kjelder

Peter Prevc ved FIS

Kategori:Slovenske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i skiflyging Kategori:Olympiske meistrar for Slovenia Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Slovenia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Slovenia Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2010 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2014 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2014 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2018 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2018 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2022 Kategori:Slovenske deltakarar under vinter-OL 2022 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 2022 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2011 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2013 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2015 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2017 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2019 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2021