Hosianna Mantra er det tredje albumet av Popol Vuh. Det kom først ut i 1972 på det tyske plateselskapet Pilz. I 2004 gav SPV albumet ut på ny med eitt bonusspor (opphavleg gjeve ut i 1972 på ein solosingel av den koreanske vokalisten Djong Yun).

Florian Fricke var ein pioner med bruk av synthesizer i tysk rock, men på dette tredjealbumet gjekk han heilt bort frå elektroniske instrument og nytta heller organiske instrument bygd opp kring piano, fiolin, tambura, obo, cembalo og 12-strengsgitar. Ofte syng den koreanske sopranen Djong Yun over dette arrangementet. Som tittelen indikerer såg Fricke for seg Hosianna Mantra som ei musikalsk forsoning mellom aust og vest og kombinerte dei to musikktradisjonane.

Vinylversjonen av albumet er sjeldan og har vorte seld for over 1500 kroner på bruktmarknader.

Innhald

Medverkande

Florian Fricke – piano, cembalo Conny Veit – elektrisk gitar, 12-strengsgitar Robert Eliscu – obo Djong Yun – vokal Klaus Wiese – tamboura

Gjest: Fritz Sonnleitner – fiolin

Bakgrunnsstoff

http://www.furious.com/perfect/populvuh.html (Artikkel med meldingar av kvart album, på engelsk) http://www.enricobassi.it/popvuhdiscografia70.htm (med original tekst frå plateomslaget) http://www.venco.com.pl/~acrux/hosianna.htm

Kategori:Popol Vuh (Tyskland)-album Kategori:Musikkalbum frå 1972