Mount Medina er eit kjenneleg, isdekt fjell i Antarktis på 1835 moh. som ligg nordaust i Hadley Upland og oppom toppen av Gibbsbreen sør i Graham Land. Fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i november 1947. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), 1958. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Pedro de Medina (1493–1567), ein spansk verdsskildrar som skreiv Arte de Navegar (1545), ein viktig navigasjonsmanual.

Kjelder

Kategori:Fjell i Graham Land Kategori:Fallières Coast Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter spanjolar