Monster Movie er debutalbumet til det tyske rockebandet Can, spelt inn og gjeve ut i 1969. På albumet fører det saman element av psykedelisk rock, blues, frijazz, verdsmusikk og andre stilar, påverka av Velvet Underground noko som er særleg tydeleg på opningssporet «Father Cannot Yell». Gruppa nytta improvisasjon, eksperimentering, klipping og fleire lag av lydar og sette standarden for påfølgjande album av Can tidleg i 1970-åra, som var viktige i den avantgarde musikkstilen som vart kalla «krautrock» av britisk musikkpresse.

Etter at det hadde gjeve ut dei første singlane sine i 1968, spelte Can inn eit album kalla Prepared to Meet Thy Pnoom, men det var ingen plateselskap som ville gje det ut. Dette albumet kom etter kvart ut i 1981 som ein del av Delay 1968). Med Monster Movie prøvde Can å lage eit noko meir tilgjengeleg album. På plateomslaget kan ein sjå ein gigant andletslaus figur av Marvel Comics-figuren Galactus. Bandet er omtalt som «The Can», eit namn som vart føreslått av vokalisten Malcolm Mooney og som vann ei avstemming i bandet. Tidlegare hadde bandet kalla seg Inner Space, som seinare vart namnet på platestudioet dei bygde sjølv. Somme eksemplar av plata hadde undertittelen «Made in a castle with better equipment», og synte til Schloss Nörvenich, eit slott frå 1300-talet i Nordrhein-Westfalen der bandet spelte inn albumet i 1968-1969.

Den 20 minuttar jam-en «Yoo Doo Right» vart kutta ned frå eit seks timar langt lydopptak, medan Mary, Mary So Contrary er basert på Mary, Mary, Quite Contrary, eit populært engelsk barnerim.

Monster Movie var det einaste Can-albumet med Malcolm Mooney på vokal før Rite Time, 20 år seinare.

Innhald

Medverkande Irmin Schmidt – klaverinstrument Jaki Liebezeit – trommer Holger Czukay – bass Michael Karoli – gitar Malcolm Mooney – vokal

Kjelder

Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Can-album Kategori:United Artists Records-album