Mount Moberly er eit bratt, snødekt fjell på 1535 moh., ved enden av ein rygg som strekkjer seg sørvest frå Mount Francais sør på Île Anvers i Antarktiske Arkipel. Det er skilt frå Mount William i sør av skardet ved toppen av Hooperbreen. I 1832 namngav John Biscoe eit fjell i området etter kaptein John Moberly i Royal Navy, men fjellet vart ikkje lokalisert att på seinare ekspedisjonar. Fjellet som er skildra her vart identifisert som Mount Moberly av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS), som kartla området i 1944 og 1955.
Kjelder
Kategori:Fjell i Antarktiske Arkipel Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar