Helga Flatland () er ein norsk forfattar.
Flatland budde dei to fyrste åra av livet i Fyresdal før familien flytte til Flatdal i Seljord, der ho voks opp. Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals School of Communications og har bachelorgrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo. Ho er busett i Oslo.
Ho debuterte som forfattar med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må på Aschehoug i 2010. Boka er om tre barndomsvener som vervar seg og fer til Afghanistan for å delta i krigen der, og dei som vert att heime. Det er fire forteljarstemmer i boka og ho er skriven dels på bokmål, dels på nynorsk. Romanen fekk gode kritikkar og Flatland fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikerpris og Aschehougs debutantstipend for henne. I grunngjevinga for tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris skreiv Stein Versto mellom anna: «Her talar ein forfattar som står til truande, som har noko på hjarta, og som med sjølvsagd autoritet etablerer ulike figurar, av båe kjønn og ulike aldrar. Det er gjort med innleving, tyngde og ein forteljande flyt som raskt vekkjer lesaren.». Andreboka hennar, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, kom i 2011 og er ei fortsetjing til Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Også den er skriven dels på nynorsk, dels på bokmål, og fekk god mottaking av bokmeldarane.
Bøker 2010 – Bli hvis du kan. Reis hvis du må – Roman 2011 – Alle vil hjem. Ingen vil tilbake – Roman 2013 – Det finnes ingen helhet – Roman
Prisar og utmerkingar 2010 – Aschehougs debutantstipend for Bli hvis du kan. Reis hvis du må 2010 – Tarjei Vesaas' debutantpris for Bli hvis du kan. Reis hvis du må 2010 – Ungdommens kritikerpris for Bli hvis du kan. Reis hvis du må 2015 – Amalie Skram-prisen 2015 – Mads Wiel Nygaards legat 2017 – Bokhandlarprisen for En moderne familie«Bokhandlerprisen til Helga Flatland», VG 23. november 2017
Referansar
Bakgrunnsstoff Presentasjon av Helga Flatland på nettstaden til Aschehoug Mette Karlsvik: «Vesaas-vinnar Helga Flatland: - Det handlar om å komme seg vekk» - intervju på nettstaden til Den norske Forfatterforening
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Seljord Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 2010 Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Vinnarar av Aschehougs debutantstipend Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen