University of Minnesota er eit offentleg (delstateigd) universitet i Minnesota i USA. Det har fire avdelingar, og vart grunnlagt i 1851 som den første lærestaden i delstaten. Morrill Act gav delfinansiering til lærestaden etter borgarkrigen. Det tilhøyrer den eksklusive gruppa av åtte offentlege kvalitetsuniversitet i USA – Public Ivy.
Lærestadane og dei viktigaste skulane er: University of Minnesota, Minneapolis (1851) – 50 402 studentar University of Minnesota Law School Medical School Carlson School of Management School of Public Health Hubert H. Humphrey Institute of Public Affairs Univ of Minnesota, Duluth (1947) – 11 090 studentar Univ of Minnesota, Morris (1959) – 1 740 studentar Univ of Minnesota, Croockston (1966) – 2 414 studentar
Campusen i Saint Paul har bakgrunn frå Duluth Mormal School (1895) og er fokusert på landbruksfag og farmasi. Minnesota-campusen har eit breitt studietilbod.
Morris-campusen har røter i ein katolsk skule for indianarar.
Med sine over 65 500 studentar (2006) er University of Minnesota det fjerde største universitetet i USA. Det har 3 100 tilsette, og i studieåret 2006-07 var skulepengane USD 9 200 for studentar folkeregistrert i Minnesota.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «University of Minnesota» frå , den 3. mars 2013.
Bakgrunnsstoff University of Minnesota System offisiell side University of Minnesota Minneapolis University of Minnesota Duluth University of Minnesota Sea Grant University of Minnesota Crookston University of Minnesota Morris
Kategori:Universitet i Minnesota Kategori:Minneapolis Kategori:Public Ivy Kategori:Skipingar i 1851 Kategori:1851 i USA