Royal Society Range er ei majestetisk fjellkjede i Victoria Land i Antarktis. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er Mount Lister på 4025 moh. Mount Lister ligg langs på vestkysten av McMurdo Sound mellom Koettlitz-, Skelton- og Ferrarbreen. Andre terrengdetaljar her er Allisonbreen, som ligg på vestsida av Royal Society Range og møter Skeltonbreen.
Fjellkjeda vart truleg oppdaga av kaptein James Clark Ross i 1841.
Fjellkjeda vart utforska av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE) under Robert Falcon Scott, som namngav fjellkjeda etter Royal Society og mange av medlemmane vart nytta som namn på fjelltoppane i kjeda. Mount Lister vart til dømes kalla opp etter Lord Joseph Lister, president i Royal Society i 1895-1900. Royal Society støtta ekspedisjonen økonomisk.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Royal Society Range» frå , den 26. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Scott Coast