Scaife Mountains er ei gruppe fjell vest for Prehn Peninsula mellom Ketchum- og Uedabreen i Palmer Land inst på Den antarktiske halvøya.

Fjellkjeda oppdaga av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Rønne, 1947-48, som namngav desse fjella etter Alan M. Scaife frå Pittsburgh som støtta ekspedisjonen.

Fjell Mount Brundage er eit fjell som ligg 22 km vest-sørvest for Mount Terwileger i sørlege delen av Scaife Mountains. Det vart oppdaga av RARE somkalla det opp etter Burr Brundage i USA Department of State. Brundage assisterte i førebuinga av ekspedisjonen. Mount Terwileger er eit fjell på nordsida av Uedabreen, heilt søraust i Scaife Mountains. Det vart kartlagd av U.S. Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1961-67. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Stephen E. Terwileger, som var sjukepassar på Amundsen-Scott-stasjonen i 1967.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Scaife Mountains» frå , den 25. februar 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjellkjeder i Palmer Land