Finn Ravndal () er ein norsk fysikar.

Han byrja studia sine på linja for teknisk fysikk ved NTH i 1961. I 1966 var han ferdig utdanna sivilingeniør med ei diplomoppgåve innan teoretisk fysikk under leiing av Harald Wergeland. To år seinare mottok han graden dr.ing. med eit arbeid innan teoretisk elementærpartikkelfysikk. Frå 1968 fortsette han vidaregåande studium ved California Institute of Technology der han i 1971 fekk ein Ph.D. grad. Han blei der i tre år til som postdoc og fortsette som forskar ved NORDITA i København frå 1974 til 1976. Då blei han tilsett som professor i teoretisk fysikk ved Universitetet i Oslo der han arbeidde fram til 2012. Ravndal er spesielt kjent for grunnleggjande arbeid innan teoretisk elementærpartikkelfysikk og kvantefeltteori.

Kjelder Finn Ravndal. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Finn_ravndal Tilsettprofil ved UiO

Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske fysikkprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Fysikarar på 2000-talet Kategori:Folk frå Nesna