Kristina Šmigun (), gift Kristina Šmigun-Vähi i 2007, er ein estisk, tidlegare langrennsløpar frå Tartu. Ho vart verdsmeister på 10 km jaktstart i 1999 og olympisk meister både på 10 km og 15 km under vinter-OL 2006. Både faren Anatoli Šmigun og den eldre systera Katrin Šmigun var habile langrennsløparar som i si tid hevda seg godt i internasjonalt langrenn.
Aktiv Kristina Šmigun fekk sølv på 15 km fristil og bronse på 30 km klassisk stil i VM 1999 i Ramsau. Under VM i 2003 tok ho fire medaljer; gull på 10 km jaktstart, sølv på 10 km og 15 km klassisk, og bronse på 30 km i fristil.
Mellom 1999 og 2007 vann Šmigun 16 renn i verdscupen. Sesongane 2000 og 2003 kom ho på andreplass samanlagt i verdscupen.
12. februar 2006 vann Šmigun olympisk gull på 15 km duathlon, og vart dermed den fyrste estiske kvinna som vann ein gullmedalje i eit vinter-OL. Fire dagar seinare fekk ho eit nytt OL-gull då ho sigra i 10 km klassisk stil. Under OL 2010 sikra ho seg ein sølvmedalje på 10 km fristil, bak svenske Charlotte Kalla.
Kjelder
Biografi hos Sports Reference Denne artikkelen bygger på «Kristina Šmigun» frå , den 20. februar 2013.
Kategori:Estiske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Estland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Estland Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2006 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2010 Kategori:Estiske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 2010 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1997 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1999 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2001 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2003 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2005 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 2007