Nebo (arabisk جبل نيبو Jabal Nībū; hebraisk skrift הַר נְבוֹ Har Nevo) er ein fjellkam i Jordan, kring 817 meter over havet. Han er nemnt i Bibelen som staden der Moses såg ut over Det lova landet han aldri skulle få kome inn i. Frå toppen har ein flott utsyn mot Israel og Palestina, og i nord ein liten del av Jordanelva. Ein kan som regel sjå byen Jeriko på Vestbreidda frå toppen, og ein kan sjå heilt til Jerusalem på ein klår dag.

Bibelsoge I følgje det siste kapittelet i Femte mosebok, gjekk Moses til toppen av Nebo for å sjå utover Det lova landet: «Så gjekk Moses frå slettene i Moab opp på Nebo, toppen av Pisga-fjellet, som ligg rett imot Jeriko.»5 Mos 34,1

I følgje kristen tradisjon vart Moses gravlagd på fjellet, men gravstaden hans er ikkje spesifisert. Somme islamske tradisjonar hevdar det same, og somme hevdar Mosesgrava ligg ved Maqam El-Nabi Musa, 11 km sør for Jeriko og 20 km aust for Jerusalem i villmarka i Judea.

I følgje 2 Makkabearboka 2:4–72 Makk 2,4-7 gøymde profeten Jeremia tabernakelet og Paktkista i ei fjellgrotte der.

Arkeologi mini|venstre|Mosaikk i Moseskyrkja

På det høgaste punktet på fjellet, Syagha,Piccirillo, Michele (2009). Mount Nebo. page 17. ligg ruinane av ei kyrkje og eit kloster, som vart oppdaga i 1933.Piccirillo, Michele (2009) Mount Nebo (Studium Biblicum Franciscanum Guide Books, 2) s. 14/15—extract from Fr Sylvester Saller The Memorial of Moses on Mount Nebo Jerusalem 1941, s. 15–18. Kyrkja vart bygd på andre halvdel av 300-talet til minne om dødsstaden til Moses. Kyrkja er forma som ein typisk basilika. Ho vart påbygd seint på 400-talet og ombygd i 597. Kyrkja er først nemnd i ei skildring frå ei pilegrimsreise utført av Aetheria i år 394. Det er funne seks graver utskorne i berge under kyrkjegolvet, som er dekt med mosaikk. I koret til det moderne kapellet på staden kan ein sjå restane etter mosaikkgolv frå ulike periodar. Det eldste av desse er eit panel med ein fletta kross som er plassert på austenden av sørveggen.

Pavevitjingar 20. mars 2000 vitja pave Johannes Paul II staden under pilegrimssreisa si til Det heilage landet.Pope speaks of 'inseparable' bond between Christians ans Jews Under besøket planta han eit oliventre ved sidan av det bysantinske kapellet, som eit symbol på fred.Piccirillo, Michele (2009). Mount Nebo (Studium Biblicum Franciscanum Guide Books, 2) s. 107.

Pave Benedikt XVI vitja staden 9. mai 2009.http://www.catholicnewsagency.com/news/pope_benedict_begins_his_pilegrimage_on_mt._nebo/

Gallery

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mount Nebo» frå , den 4. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Arkeologiske stader i Jordan Kategori:Fjell i Bibelen Kategori:Fjell i Jordan Kategori:Turisme i Jordan