Nils Joachim Christian Vibe Stockfleth () var ein dansk og norsk offiser og geistleg. Stockfleth var sentral i arbeidet med å vidareutvikle det nordsamiske skriftspråket på 1800-talet. Han skreiv ein samisk grammatikk, ei samisk ordbok og fleire religiøse skrift på samisk.

Oppvekst, utdanning og arbeid

Niels J.Chr. Vibe Stockfleth var fødd i Fredrikstad. Foreldra hans var prosten Niels Stockfleth (1756-1794) og Anne Johanne Vibe (1753-1805). Stockfleth var student i København frå 1803 til 1804, då han vart tilsett som ekstraskrivar i Det danske kancelli. Han følgde juridiske førelesingar, ei tid gjekk han òg i snikkarlære. I 1808 vart han løytnant, og han deltok i slaget ved Sehested i 1813.

I 1814 reiste han til Noreg og gjekk inn i den norske hæren. Her fekk han etter kvart teneste i Valdres, og etter å ha arbeidd nokre år som huslærar hos soknepresten i Slidre, fekk han i 1823 tenestefri for å studere teologi. I desember 1824 tok han eksamen i teologi, og i mars 1825 vart han utnemnd til sokneprest i Vadsø. I 1828 vart han overført til Lebesby. i 1839 fekk han avskil frå fast presteteneste slik at han betre kunne halde fram arbeidet til beste for det samiske folket.

Språkforskaren

Stockfleth høyrde til opplysningstida sine teologar. Han gjorde eit stort arbeid som prest for nordsamiskk i Noreg. Først hjalp han den danske språkforskaren Rasmus Rask med å skrive om Knud Leem sin samiske grammatikk og dermed få ei betre forståing av den samiske lydlæra, og deretter utvikla han ei rettskriving for nordsamisk, først i ei ABC-bok frå 1837, deretter i fleire omsetjingar av religiøse tekstar, i ein grammatikk og ei norsk-samisk ordbok.

Arbeidet til Stockfleth la grunnlaget for den første perioden med aktiv bruk av samisk i samfunnet: Ortografien hans var den einaste i praktisk bruk i ein periode på 110 år (fram til Bergsland-Ruong-rettskrivinga frå 1947), og Bibelen fanst berre på denne ortografien fram til 2019. Både aviser og anna litteratur på nordsamisk før og etter 1900 vart trykt på denne ortografien, og han vart brukt i leseopplæringa fram til staten stoppa bruken av samisk med Wexelsesplakaten i 1899. Overgangen frå Stockfleth sin ortografi til Bergsland-Ruong-ortografien vart møtt med sterke protestar frå det samiske samfunnet (jf. Somby 2010Katri Somby (2010). Nuorttanaste - vuoiŋŋalaš bláđđi vai sámi servvodatguoddi?. Sámi dieđalaš áigečála (SDÁ), (2), 57–75. https://hdl.handle.net/11250/4147549 for ein analyse).

Kautokeino 1851-52 I 1851 reiste Stockfleth for siste gong til Finnmark. Han vart straks oppfordra til å reise til Kautokeino, der den læstadianske vekkinga hadde ført til andeleg uro. Biskopen håpte Stockfleth kunne greie å leie vekkinga inn på eit sunnare spor, sidan Stockfleth kunne samisk, og alle dei andeleg vakte samane kjente bøkene hans. Men i møte med ein framand kristendom greidde han ikkje temje temperamentet sitt. Han møtte samane i forsamlinga deira, men då mange i møtet vart gripne av ekstase, gav han seg til å slå rundt seg både med hendene og med stokken sin for å få dei til sans og samling.

Sjølv om det første møtet vart skremmande, heldt dei andeleg vakte samane fram med å møte Stockfleth, men det kom lite ut av samtalane. Han reiste frå Finnmark få månader før Kautokeino-opprøret. Frå 1853 mottok han pensjon frå staten.

Bibliografi (utval)

Bøker

Omsetjingar

1840: Det nye testamentet på samisk

Kjelder Adolf Steen 1954: Samenes kristning og finnemisjonen til 1888 Nellejet Zorgdrager. De rettferdiges strid : Kautokeino 1852 : samisk motstand mot norsk kolonialisme ; omsett frå nederlandsk av Trond Kirkeby-Garstad. - Nesbru : Vett & viten ; Oslo : i samarbeid med Norsk folkemuseum, 1997. - 558 s. .(Samiske samlinger ; B.18, red.: Ove Pettersen).

Referansar

Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske prestar Kategori:Kautokeinoopprøret Kategori:Folk frå Fredrikstad Kategori:Personar innafor samisk språkforsking