Ola Morten Græsli () er ein norsk tidlegare kombinertrennar og skihoppar frå Tydal og som representerte Tydal I.L. Han vart som best nummer to i eit verdscuprenn i desember 2005, og fekk med seg to sølvmedaljar og to bronsemedaljar frå to ulike noregsmeisterskap.

Karriere Græsli representerte Noreg i VM 2003 i Val di Fiemme. Der vart han nummer sju i halvprogrammet, og han deltok på det norske laget som enda på fjerdeplassen i lagkonkurransen.

I verdscupen oppnådde Græsli som best ein andreplass, i Ramsau i Austerrike den 18. desember 2005. Etter eit langrenn over 7,5 km skilde det eitt sekund mellom dei fire beste i tevlinga. Norske Magnus Moan sigra, medan Græsli slo franskmannen Jason Lamy-Chappuis og tyskaren Georg Hettich i spurten med høvesvis eitt og to tidels sekundar. Græsli hadde elles to andre pallplasseringar i verdscupen, begge tredjeplassar ei helg i Holmenkollen i mars 2003.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 2003: Nr 7 i ski-VM i Val di Fiemme, samt to tredjeplassar i Holmenkollen (halvprogram) 2004: Nr 10 i Kuusamo - halvprogram 2005: Nr 7 i Holmenkollen 2005/06: Nr 2 i Ramsau

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 2002: Nr 7 i Høydalsmo Ski-NM 2003: Sølvmedalje i halvprogram og bronsemedalje i normalprogram i Molde, nr 10 i normalbakken på Lillehammer Ski-NM 2005: Sølv i halv- og bronse i normalprogram på Lillehammer Ski-NM 2007: Nr 5 i halvprogrammet i Bardu

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Ola Morten Græsli i fis-ski.com

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Folk frå Tydal