«You Can't Hurry Love» er ein song frå 1966 som opphavleg vart spelt inn av The Supremes for Motown.
Han vart skriven og produsert av produksjonslaget til Motown, Holland–Dozier–Holland og gjekk heilt til topps på den amerikanske Billboard pop-lista, nådde Topp 5 i Storbritannia og Topp 10 i Australia då han kom ut på seinsommaren 1966. Seksten år seinare gjekk han igjen til topps på listene då Phil Collins spelte inn ein versjon av songen. Denne gjekk til topps i Storbritannia i januar 1983.
Historie
Songen handlar om minnet om oppfordringa frå ei mor («My mama said 'you can't hurry love/No you just have to wait'»)Show 50 - The Soul Reformation: Phase three, soul music at the summit. [Part 6] : UNT Digital Library som fortel dottera si om å vere tolmodig og at ho vil finne den rette ein dag. Dette er eit døme på sterk innverknad frå gospel i mykje av R&B og soulmusikk. «You Can't Hurry Love» syner òg utviklinga av stilen til The Supremes, som flytta seg frå den tidlegare tenåringspopen til meir modne tema og musikalske arrangement. Denne songen og «You Keep Me Hangin' On» vart gjort ferdige i lag, og Motown valde å gje ut denne songen som den første singelen.
«You Can't Hurry Love» er ein av signaturlåtane til både the Supremes og Motown. Singelen vart den sjuande singelen til The Supremes som gjekk til topps i USA,Bronson, Fred: The Billboard Book of Number 1 Hits, page 207. Billboard Books, 2003. og låg på toppen av Billboard Hot 100 i to veker frå 4. til 17. september 1966. Han låg òg øvst på soul-lista i to veker. gruppa framførte songen på CBS-showet The Ed Sullivan Show sundag 25. september 1966.
«You Can't Hurry Love» var den andre singelen frå Supremes-albumet The Supremes A' Go-Go. The Supremes-v-ersjonen av songen vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame-samlinga over dei 500 songane som forma rock and roll.
The Supremes gav òg ut sin eigen italienskspråklege versjon av songen: L'amore verrà (Love will come).
Medverkande Solovokal av Diana Ross Korvokal av Mary Wilson og Marlene Barrow Instrument av The Funk Brothers
Lister Liste (1966)PlasseringUSA Billboard Hot 100 Chart1USA Billboard R&B Singles Chart1USA Cash Box Pop Singles Chart1Kanadiske RPM 100RPM Top Singles - Volume 6, No. 5, September 26 1966, http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5723&type=1&interval=24&PHPSESSID=8t65rlgb8qdcm7u3ai5fns46013UK Singles Chart3
Phil Collins
Den mest kjende coverversjonen av songen kom ut seint i 1982 som ein singel av Phil Collins frå det andre soloalbumet hans, Hello, I Must Be Going! Versjonen til Collins nådde toppen av singellista i Storbritannia (og vart den første topplasseringa hans i heimlandet) og 10. plass i USA. Collins hadde tidlegare gjeve ut andre sine songar på albuma sine (Genesis sin «Behind the Lines» og The Beatles sin «Tomorrow Never Knows» på Face Value), men «You Can't Hurry Love» var den første han gav ut som singel. Collins-versjonen var opningssporet på den aller første Now That's What I Call Music-samleplata.
Medverkande Phil Collins - trommer, vokal, tamburin Daryl Stuermer - gitar John Giblin - bass Peter Robinson - piano, klokkespel, vibrafon Strykarar arrangert av Martyn Ford
Lister Liste (1982/1983)PlasseringNederland1Tyskland3UK Singles Chart1USA Billboard Hot 10010USA Billboard Hot Adult Contemporary Tracks9USA Billboard Hot Mainstream Rock Tracks24
Andre versjonar Andre artistar som har spelt «You Can't Hurry Love» er mellom andre Stray Cats og Dixie Chicks.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You Can't Hurry Love» frå , den 6. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:The Supremes-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Nederland Kategori:Nummer-ein-singlar i Tyskland Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Dixie Chicks-songar Kategori:Songar skrivne av Holland–Dozier–Holland Kategori:Motown-songar