Christer Majbäck () er ein svensk tidlegare langrennsløpar frå Kiruna. Mellom 1987 og 1992 vann han seks medaljar; ein gull-, to sølv- og tre bronsemedaljar i tre ulike verdsmeisterskap og ein vinterolympiade. Gullmedaljen og eine sølvmedaljen kom på stafettar, dei fire andre medaljane i individuelle tevlingar over frå 10 til 30 km. Majbäck vann eitt verdscuprenn.

Aktiv Majbäck debuterte i verdscupen desember 1984, og fekk sitt gjennombrot då han i Syktyvkar i slutten av mars 1985 vart nummer tre på ein 15 km, landsmannen Gunde Svan vann føre Tor Håkon Holte frå Noreg. Majbäck vart tre gongar nummer tre i verdscupen 1987, mellom anna då vann han bronsemedaljen på tremila under ski-VM i Oberstdorf, der landsmannen Thomas Wassberg vart suveren verdsmeister på distansen.

I OL-sesongen 1988 fekk Majbäck atter ein tredjeplass som si beste plassering i verdscupen. Sesongen etter kopierte han plasseringa frå 30 km i førre verdsmeisterskapen, då han i Lahti fekk bronsen, einast 12,9 sekundar bakom verdsmeisteren, Vladimir Smirnov som representerte Sovjetunionen. Sidan i meisterskapen gjekk Majbäck fyrsteetappen i stafetten, der Torgny Mogren vann spurten for Sverige framfor Finland, Tsjekkoslovakia og Noreg.

16. desember 1989 vann Majbäck sin fyrste og einaste siger i eit verdscuprenn. Han sigra føre norske Bjørn Dæhlie og austerrikaren Markus Gandler i eit renn over 15 km i Calgary.

Majbäck vann i 1991 sølvmedaljen på 10 km i ski-VM i Val di Fiemme, med tida 25.59,7 var han 4,7 sekundar bakom nordmannen Terje Langli i mål. Sølv fekk Majbäck også i stafetten, der han gjekk den andre etappen for Sverige. Under OL året etter i Albertville gjekk han inn til bronsemedalje på 10-kilometeren og vart nummer seks på tremila.

Etter 1994 klarte ikkje Majbäck lengre å hamle opp med verdseliten i langrennsløypa. Derimot kom han i 1997 kom han på andreplassen i Vasaloppet.

Han la opp som langrennsløpar i 1999.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Bronsemedalje på 30 km Vinter-OL 1992 i Calgary: Nr 11 på 15 km Ski-VM 1989 i Lahti: Bronsemedalje på 30 km og gull i 4x10 km stafett Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Sølvmedalje på 10 km og i 4x10 km stafett Vinter-OL 1992 i Albertville: Bronsemedalje på 10 km Ski-VM 1993 i Falun: Nr 12 på 30 km Vinter-OL 1994 på Lillehammer: Nr 6 på 50 km Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Nr 17 på 50 km

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1989 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1991 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1993 Kategori:Deltakarar under Ski-VM 1995