Gerhardine Helene Fredrikke Paasche (), også kjent som Dina Krog, var den fyrste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Luster og i Sogn og Fjordane.Luster kommune ved Lokalhistoriewiki Dina Krog var blant dei 100 første kvinnene i landet som blei medlem av eit politisk, kommunalt organ.
Oppvekst Gerhardine Helene Fredrikke Paasche voks opp på prestegarden i Fana som yngste dotter av stortingsrepresentant og sokneprest Hans Jensen Krog (1808-1897) og Ingeborg Christine Endresen (1813-1853). Faren var frå Stavanger, og starta først å jobbe som kapellan der hjå sokneprest Gunder Langberg i 1832. I 1850 vart Krog sokneprest i Fana. I åra 1859 og 1862 var han stortingsrepresentant frå Søndre Bergenhus Amt som var namnet på Hordaland på den tida. I 1882 vart han Ridder av St. Olavs orden for «fortjenstlig Embedsvirksomhed». Mora døydde då Gerhardine var 2 år, og ho hadde seks eldre sysken.Lampe, Johan Fredrik. (1895). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 1). Kristiania: Cammermeyer, s. 287.
Ekteskapet med Einar Paasche Den 22. november 1887 gifte Dina seg i Luster med enkjemannen og lækjaren Einar Paasche (1849-1931). Einar Paasche var fødd i Fredrikshald og fekk cand.med. med laud i Trondheim i 1875. Han jobba som lækjar først i Bruvik (frå 1880) og i Gildeskål (frå 1883). I 1884 døydde Einar Paasche si første kone, Olea Sørensen, og etterlét enkemannen med to born.Bergwitz, Joh. K. (1897-1902). Krog. En Slægttavle med biografiske Oplysninger om Trulseslægten Krog - den største av de mange norske uadelige Familier Krog.
Einar fekk fire born i det fyrste ekteskapet. To av dei døydde som spedborn. Dei to andre, Andreas og Sigrid, var 9 og 7 år då Dina og Einar gifte seg. Dei fekk to born i lag: Olea Paasche (fødd 1888, død i ung alder) Hans Krog Paasche (1890-1931), utvandra til Amerika i 1915 og var ei tid gruvearbeidar og laksefiskar i AlaskaØyane, Lars E. (1986). Dale 1 sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 2). Gaupne: Luster kommune, s. 611.
Luster Einar Paasche vart utnemnd til distriktslækjar i Luster i desember 1886 og flytte inn på garden Nygård i Dale der den førre distriktslækjaren òg hadde budd. Her budde Einar og Dina fram til 1906 då Einar vart utnemnd til distriktslækjar i Sarpsborg. Dei flytta til Sarpsborg og vart buande så lenge Dina levde.
I 1901 vart Dina Krog vald inn i kommunestyret i Luster på ei upolitisk liste. Ho var den einaste kvinnelege kommunestyrerepresentanten i Sogn og Fjordane i 1901. Ho var tremenning med kvinnesaksforkjemparen Gina Krog. Deira felles oldeforeldre var presten Truls Christian Krog (1722-1806) og Helen Sophie f. Meyer (1735-1809).
Dina Krog engasjerte seg sosialt i samfunnet i Luster; ho var med på å opprette eit fond for vanskelegstilte i kommunen og å skipe Sogn Sykepleieforening.
Leia underskriftskampanje
Ved underskriftskampanja til Landskvindestemmeforeningen for ja til unionsoppløysinga med Sverige i august 1905 leia Dina Krog kampanjen i kommunen retta mot Stortinget.Underskrifta til Dina Paasche (sjå lenka «Klikk her for å komme til underskriftslistene» - underskrifta er på ark nummer 13, Stortinget 2013)
I Luster kommune var oppslutnaden frå kvinnene på om lag 90% av avgitte, mannlege røyster – om lag 10 % over landsgjennomsnittet. 524 kvinner skreiv under på listene i Luster for eit sjølvstendig Noreg.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Fjognedok : register over lokalhistorisk litteratur utgitt i Sogn og Fjordane frå 1865 og til i dag ved Sogn og Fjordane fylkesbibliotek Gerhardine Helene Fredrikke Paasche ved lokalhistoriewiki.no
Folketeljingar Gerhardine Krog i folketeljinga 1865 for Fana Gerhardine Paasche i folketeljinga 1900 for Luster . Gerhardine Paasche i folketeljinga 1910 for Sarpsborg
Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Luster Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane Kategori:Norske lokalpolitikarar