«Sleepwalking» (engelsk for Søvngjengeri) er ein song av den norske songaren Carina Dahl, gjeven ut 16. januar 2013. Songen er skriven av Carina Dahl, Ben Adams og Søren Pagh.

Eurovision Melodi Grand Prix 2013

Songen deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, og vart framført på engelsk av Carina Dahl. Bidraget starta i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Kva for plassering bidraget fekk er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg. Under framføringa skulle ho plassere mikrofonen i eit mikrofonstativ av di ho skulle danse. Arrangørane hadde teke feil stativ opp på scena, slik at ho måtte halde mikrofonen i staden for å danse. Ho fekk ikkje framføre songen på nytt, sjølv om det vart vurdert.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske songar Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Engelskspråklege songar Kategori:Melodi Grand Prix 2013-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Songar skrivne av Ben Adams Kategori:Songar skrivne av Carina Dahl Kategori:Songar skrivne av Søren Pagh