Bakkehaugen kyrkje er ei arbeidskyrkje i naturbetong som står på Tåsen i Oslo. Ho vart innvigd 20. desember 1959 av biskop Johannes Smemo. Kyrkja har 320 sitjeplassar.

Bakkehaugen gård testamenterte tomta kyrkja står på til eit fond i 1936. To år etter vart det lyst ut ein arkitektkonkurranse og Ove Bang vann med sitt forslag. Andre verdskrigen gjorde at bygginga gjekk seint og i 1942 døydde Bang. Kyrkja blei òg for dyr å byggje. Erling Viksjø fekk i oppgåve å modifisere teikningane og i 1958 starta bygginga etter modifiseringane hans. Den kunstnarlege utsmykkinga var ved Kai Fjell og Carl Nesjar. Preikestol og døypefont er teikna av Viksjø.

Kyrkja har to kyrkjeklokker, den eine kallast Martin Luthers klokke, den andre Hans Nielsen Hauges klokke. Begge er frå 1959 og er frå Olsen Nauen Klokkestøperi.

Bakkehaugen kyrkje ved arkitekt Erling Viksjø fekk arkitekturprisen Betongtavlen for 1961.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kyrkjer i Vestre Aker prosti Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 1959 Kategori:Betongtavlen