Gaseller (tidlegare gasellar) er ei gruppe små antiloper, hovudsakleg frå slekta Gazella, som lever i Afrika og Asia. Dei er kjenneteikna av slank og smekker bygnad og ei evne til å springa raskt og hoppa høgt. Gaseller er som regel lysebrune på oversida av kroppen og kvitlege på buken. Dei kan ha eit karakteristisk mønster av lyse og mørke striper i andletet. Nokre typar gaselle er springbukk, grantgaselle, gerenuk og thomsongaselle.
Artar G. arabica G. bennettii †G. bilkis G. cuvieri G. dama G. dorcas G. gazella G. granti G. leptoceros G. rufifrons †G. rufina G. saudiya G. soemmerringii G. spekei G. subgutturosa G. thomsonii
Kjelder
«gaseller» (12.03.2012) i Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Drøvtyggjarar Kategori:Kvegdyr