Fjell kommune er ein tilegare norsk kommune i Hordaland fylke. Øykommunen låg utanfor Bergen i Vestland fylke, og omfatta fleire øyar. Mellom desse kan nemnast Alvøy, Bildøy, Bjorøy, Litlesotra, Misje, Turøy i tillegg til nordre del av Sotra. Sørparten av Sotra høyrer til Sund kommune. Nabokommuna i nord er Øygarden. Over Hjeltefjorden i nordaust låg Askøy som eigen kommune. 1. januar 2020 vart Fjell slegen saman med Sund og Øygarden kommunar til nye Øygarden kommune.

Fjell kommune var ein kommune i vekst. Etter at Sotrabrua stod ferdig i 1971 vaks innbyggjartalet frå under 7000 til godt over 20.000 på 2000-talet. Administrasjonen heldt til på Straume på Litlesotra like ved kjøpesenteret Sartor Senter.

Lokalavis for Fjell, Sund og Øygarden er Vestnytt.

Folketalsutvikling Folketalsutvikling for Fjell kommune frå 1920: 1.12.1920Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921) 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Fjell 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010 4786a 4265a 5169a 5172a 5418a 6936 10 517 14 956 18 541 21 823 a Dette talet omfattar ikkje øyane Turøy og Misje, som var del av gamle Herdla kommune fram til 1964. Desse øyane hadde då 404 innbyggjarar.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Fjell kommune

Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Midhordland Kategori:Sotra Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2020