King Edward VII Land eller King Edward VII Peninsula er ei stor, isdekt halvøy heilt nordvest i Marie Byrd Land i Antarktis. Halvøya stikk ut i Rosshavet mellom Sulzberger Bay og nordausthjørnet av Rossisen og er ein del av Ross Dependency. Edward VII Peninsula grensar til Rossisen i sørvest, Okuma Bay i vest, og i aust til Sulzberger Bay og Saunders Coast. Heil nordvest på halvøya ligg Cape Colbeck.
mini|venstre|Frimerke frå New Zealand med overtrykk for å kunne nyttast på den britiske basen. Vestkysten av halvøya heiter Shirase Coast. I nord og aust ligg Swinburne isbrem. Edward VII Peninsula vart oppdaga den 30. januar 1902, av Discovery-ekspedisjonen (BrNAE) (1901–1904) under Robert Falcon Scott, som namngav ho King Edward VII Land etter den britiske kongen Edvard VII av Storbritannia. Kysten vart vidare utforska av Nimrod-ekspedisjonen under Ernest Shackleton i 1908-09, og dei første som gjekk i land på halvøya var eit lag frå Den japanske antarktisekspedisjonen leia av Shirase Nobu i 1912. Regionen was omdøypt «Edward VII Peninsula» etter at det vart avgjort at ho var ei halvøy av Byrd-ekspedisjonen (1933–1935) og United States Antarctic Service (USAS) Expedition (1939–1941).
Det meste av halvøya ligg innanfor Ross Dependency, som er kravområdet til New Zealand.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «King Edward VII Land» frå , den 6. januar 2013.
Kategori:Halvøyar i Antarktis Kategori:Oppkallingar etter Edvard VII av Storbritannia Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter britar