San Marino deltok i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland med songen «Stand By», framført på engelsk av Senit. Bidraget vart valt ut internt av den sanmarinske kringkastaren Radiotelevisione della Repubblica di San Marino (SMRTV).

Bakgrunn San Marino debuterte i 2008 med gruppa Miodio. Dei enda sist i semifinalen med to poeng frå Andorra og tre poeng frå Hellas. Etter dette trekte San Marino seg frå tevlinga i 2009. Landet deltok heller ikkje i 2010. 22. desember 2010 annonserte SMRTV at dei att ville delta i Eurovision Song Contest.

Uttaking SMRTV stadfesta 3. februar 2011 at den italienske songaren Senit ville representere San Marino i 2011.

I Eurovision Sidan berre dei fire store og vertslandet var direktekvalifisert til finalen måtte San Marino kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane.

Semifinalen Senit starta som nummer tolv i den fyrste semifinalen 10. mai 2011. San Marino fekk til saman 34 poeng og enda på 16. plass av totalt 19 bidrag. Kvart land kunne gje maks tolv poeng til ein song, og berre dei ti beste landa gjekk vidare til finalen. Sidan San Marino på 16. plass i semifinalen gjekk ikkje landet vidare til finalen.

+ Poeng frå San Marino 12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng 5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

+ Poeng til San Marino 12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng , 5 poeng , 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng ,

Finalen + Poeng frå San Marino 12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng 5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «San Marino in the Eurovision Song Contest 2011» frå , den 4. januar 2013.

Fotnotar

2011 Kategori:Land i Eurovision Song Contest 2011 Kategori:2011 i San Marino