Åskollen er eit område i Drammen i Buskerud, del av bydelen Tangen/Åskollen. Åskollen ligg heilt sør i kommunen, og høyrde fram til 1964 til Skoger kommune.
miniatyr|Elgen i Åskollen
I dette området ligg den best kjende helleristinga i Drammen, av ein elg. I dag ligg gardane Lolland, Store og Nordre Solum og Nedre og Øvre Knive, her. Fram til 1970-talet var hjørnesteinsbedrifta Drammens glassverk drivkrafta i bydelen. Nå er berre namnet igjen etter verksemda på idrettslaget, Glassverket IF (inkludert fotballaget til bydelen, Glassverket IF fotball), og musikkorpset, Glassverket Musikkorps.
Kjelder
Kategori:Busetnader i Buskerud Kategori:Geografi i Drammen