Sekstanten (frå latin Sextans) er eit stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga. Stjernebiletet vart innført i 1687 av Johannes Hevelius.
Kjende objekt mini|venstre|Stjernebiletet Sekstanten slik det er for det nakne auga.
Sekstanten dekkjer eit heller lyssvakt område av himmelen. Det har berre ei stjerne over femte storleiksklasse, nemleg α Sextantis på 4,49m. Stjernebiletet inneheld eit par dobbeltstjerner, inkludert γ, 35, og 40 Sextantis. Det er nokre få variable stjerner, inkludert β, 25, 23 Sextantis og LHS 292. NGC 3115 er ein galakse som er eit av djupromsobjekta i stjernebiletet. Biletet ligg nær ekliptikken, som gjer at månen, og somme av planetane stundom passerer gjennom biletet.
Sextans B er ein forholdsvis lys irregulær galakse med storleik 6,6, 4,3 million lysår frå jorda. Ho høyrer til Den lokale gruppa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sextans» frå , den 9. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Ian Ridpath and Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4.
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellation: Sextans Star Tales – Sextans Sextans på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Ekvatoriale stjernebilete