mini|Kinesiske språk Jinyu (kinesisk skrift 晋 eller晋语, pinyin jìn/jìnyǔ ) er eit kinesisk språk som er morsmål for omkring 45 millionar menneske, flest i provinsen Shanxi, men òg i delar av Indre Mongolia og tilgrensande område i Shaanxi, Henan og Hebei. Jinyu har tradisjonelt vore rekna som ein variant av mandarinspråket, men blir no oftare rekna som eit eige språk. Det er då det 26. største språket i verda.
Eit særdrag for jinyu er mengda samantrekkingar av to teikn/ord til eitt. Det er eit fenomen som ein òg har i standardkinesisk, men ikkje i like høg grad. Jinyu, eit tonespråk, er også kjenneteikna av kompleks tonesandhi, ei form for sandhi der tonen blir påverka av kva ord som finst saman i ein setning og kva grammatisk funksjon dei har.
Eit anna kjennteikn er språklyden glottal plosiv som finst i enden av stavingar, ei leivning etter lukkelydane /p/, /t/ eller /k/). Dette er eit trekk jin har til felles med mandarinspråk som ein tala under Yuan-dynastiet rundt 1300-talet, og med fleire nolevande sørlege typar kinesiske språk. Stavingar som endar med glottal plosiv kan seiast å vera tonelause.
Dialektar Jinyu blir gjerne delt inn i åtte dialektar:
Bingzhou, talt i sentrale Shanxi, med Taiyuan Lüliang, talt i vestre Shanxi og nordlege Shaanxi Shangdang, talt i søraustre Shanxi Wutai, talt i nordlege Shanxi og det sentrale Indre Mongolia Datong-Baotou, talt i delar av nordlege Shanxi og sentrale Indre Mongolia Zhangjiakou-Hohhot, talt i nordvestre Hebei og delar av det sentrale Indre Mongolia Handan-Xinxiang, talt i søraustre Shanxi, sørlege Hebei og nordlege Henan Zhidan-Yanchuan.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jin Chinese» frå , den 27. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Denne artikkelen bygger på «Jinyu» frå , den 29. desember 2012. Kategori:Språk i Kina Kategori:Einskildspråk