Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) var eit selskap som dreiv båt- og ferjetrafikk i Møre og Romsdal. Selskapet vart stifta i juni 1920. Selskapet hadde hovudkontor i Molde.
Historikk mini|venstre|Bilferja MF «Bolsøy» høyrte til MRF før fusjonen i 2001, og har framleis skorsteinsmerket til reiarlaget.
Møre og Romsdal Fylkesbåtar vart skipa med namnet Møre Fylkes Ruteselskap (MFR) 8. juni 1920. Selskapet var eit fylkesreiarlag som kjøpte opp i alt 12 lokale ruteselskap, og starta dermed med ein flåte på 34 skip. Namnet vart endra til Møre og Romsdal Fylkesbåtar 1. januar 1949. Selskapet vart fusjonert med Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 9. mai 2001, og desse to selskapa vart til Fjord1-konsernet.Fjord1 - Om Fjord1 Vitja 1. september 2009 Verksemda til MRF vart vidareført under namnet Fjord1 MRF, og framleis med Molde som hovudbase.
MRF heldt seg til sjøvegs trafikk heilt til midt på 1990-talet. Då kjøpte MRF opp fleire rutebil- og transportselskap på Sunnmøre, først Mørebil, så Stranda og Sykkylven Billag, Storfjord Rutebilar og Sørøybuss. Dei tre siste selskapa vart fusjonert inn i Mørebil. Etter Fjord1 var etablert, vart òg Sunnmøre-Romsdal Billag kjøpt (2003), og verksemda i desse selskapa vart frå 2005 organisert i Fjord1 Buss Møre og Fjord1 Gods Møre. Sistnemnde tok seinare namnet Fjord1 Transport og tok over all godstransport på veg i Fjord1-konsernet.
Sjå òg Flåteliste for MRF
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Møre og Romsdal Fylkesbåtar» frå , den 28. desember 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare norske reiarlag Kategori:Samferdsle i Møre og Romsdal Kategori:Norske busselskap Kategori:Sjøfart i Møre og Romsdal
Kategori:Skipingar i 1920 Kategori:Nedleggingar i 2001