Cape Pepin er eit isdekt nes mellom Ravin Bay og Barrebreen. Det vart oppdaga i 1840 av den franske ekspedisjonen under kaptein Jules Dumont d'Urville og vart namngjeve av han etter kona hans Adele Pepin. Området vart kartlagt av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen i 1912-13, og igjen av British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) i 1931, begge under Mawson. Neset vart seinare kartlagt frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operasjon Highjump i 1946-47.
Kjelder
Kategori:Nes i Adélie Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter franskmenn