M/S «Espenes» var ein fiskebåt bygd for Trygve Vangberg i Oslo. Skroget vart bygt i tre av skipsbyggar Sauholmen og Sønn i Berggrend i Fusa kommune i Hordaland, medan resten av skipet vart bygd på A/S Stord.

Historie Skroget vart sjøsett på seinsommaren 1945, men var ikkje heilt vellukka. Det var noko grunt og evjebotn, slik at skroget sette seg fast i evja. Ein måtte derfor ha hjelp til å få det laust. Skroget vart så slept til Stord, der båten vart gjort ferdig. I desember 1945 var fiskebåten klar til å gå på fiske, klassifisert av Det Norske Veritas.

20. november 1946 kjøpte Partrederiet Terje Johansen i Jennestad i Sortland fiskebåten som no fekk namnet MS «Vardholm». «Vardholm» fekk ny motor i 1957 og igjen i 1964.

21. februar 1977 vart båten kjøpt av P/R Torbjørn Havbakk, og 13. april 1978 vart han kjøpt på auksjon av Jahn Holthe i Rødseidet. På grunn av økonomiske problem overtok Abelvær Slipp og Mekaniske Verksted båten.

Vinteren 1980 vart det brann i Vardholm i Lofoten. Vardholm var fullstendig utbrent og vart kondemnert.

Kjelder

Kategori:Skip frå 1945 Kategori:Skip sluttsegla i 1980 Kategori:Skip bygde ved Aker Stord Kategori:Norske fiskefartøy