M/S «Ullensvang» var eit motorskip bygt i 1952 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap. Skipet gjekk i rutefart for HSD til 1980 i kombinert laste og passasjertrafikk.

Historie Skipet vart levert frå Bergen Mekaniske Verksted i juni 1952. Ho vart i flåten til HSD fram til juni 1980, då det vart seld til Baltic Coaster Association i Georgetown på Caymanøyane. I 1982 vart ho seld vidare til Albert A. Selby i Bridgetown på Barbados og ho fekk namnet «Stella S II». Skipet vart overført til Roseau i Dominica i 1990 og i 1996 seld til Benedict McLawrence her. Ho fekk då namnet «Anestine Mac». I desember 2000 vart ho sett på stranda ved Charlestown på Nevis som vrak.

Kjelder Skipet.no

Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Båtar frå Vestland Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Skip frå 1952 Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:1952 i Noreg Kategori:Skip sluttsegla i 2000